Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Ferdig utfylt skjema for energivurdering av tekniske anlegg skal lastast opp i energimerkesystemet.
Det er laga eigne skjema for energivurdering av tekniske anlegg. Du treng ikkje vere innlogga i energimerkesystemet for å finne, laste ned eller bruke desse. Skjema kan lastast ned her og fyllast ut.
Ferdig utfylt skjema/rapport skal deretter lastast opp og registrerast i energimerkesystemet. Du må vere innlogga i energimerkesystemet for å laste opp og registrere energivurdering av tekniske anlegg.
For å kunne laste opp og registrere energivurdering av tekniske anlegg i energimerkesystemet, må du bekrefte at du har nødvendig kompetanse. Etter å ha bekrefta at du har nødvendig kompetanse velgjer du gjeldande bygning under punktet ”Eiendommer” og ”Dine bygninger”, eller registrer ny adresse for bygningen der du ønskjer å legge inn ein energivurdering. Etter å ha valt eigedom last opp rapport for kjel-/varmeanlegg eller kjøle-/ventilasjonsanlegg.
Dersom du ønskjer å laste opp energivurdering av teknisk anlegg i eigen bustad eller eige privat eigd yrkesbygg, logg inn i energimerkesystemet via MinID.
Dersom du ønskjer å laste opp energivurdering av teknisk anlegg i bygningar eigd av di verksemd, logg inn i energimerkesystemet via Altinn eller MinID. Du må vere tildelt rolla i Altinn til å energimerke verksemda sine bygningar, for å kunne logge inn via Altinn. For bygninger som er registrert i Matrikkelen, kan disse søkast fram på sida Eiendommer.
Innlogging og val av bygning skjer på same måte som ved energimerking. Les om innlogging på oppdrag av andre her.