Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Du kan sjølv velje kven som skal energimerke bustaden din. Systemet er laga så enkelt som mogeleg og lagt opp til at du kan gjennomføre merkinga sjølv.
Det kan vere at du ikkje synes du har nok kunnskap om bustaden din, at du ønskjer å få gjort det så nøyaktig som mogeleg med ein ekspert, eller at du ganske enkelt vil sleppe å gjere det sjølv. Du kan la andre få tilgang til å energimerke din bustad - utan å overlate eigne PIN-kodar.
Den som skal gjere dette for deg kan logge seg på med eigne PIN-kodar. På sida "Eiendommer" velgjer han "Søk/opprett/tilegn" og deretter "Åpent søk etter bygninger".
Det er du som bustadeigar som er ansvarlig for riktig energimerking av bustaden. Du kan gje ein anna som oppdrag å energimerke bygget eller bustaden. Det vil likevel alltid vere eigar av bygningen eller bustaden som er juridisk ansvarlig for bruk av energiattesten, sjølv om sjølve merkinga er utført av ein annan.
Les mer om innlogging i energimerkesystemet her.